BrimiSkogen klatrepark

Har du lyst til å klatre frå tre til tre, oppe i trea? I BrimiSkogen Klatrepark har du moglegheit til nettopp det!

UTFORSK

Utfordringar for alle!

I BrimiSkogen Klatrepark, der oppe i og mellom trea, der blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke på ein leikande måte. Der får du oppleva kor sterk du verkeleg er. Slikt er styrkande, for både sinn og skinn, som det seg heiter.

Klatreparken har fem løyper som alle heng oppe mellom trea. Løypene har ulike vanskegradar og er i ulike høgder over bakken. Vi har lagt det opp slik at vi har utfordringar for alle, og alltid skal det vera betryggande å vita, at ein undervegs kan få hjelp til å koma seg ned på bakken att, når ein vil. Som i fjellet; – her er det heller ingen skam å snu.

BrimiSkogen Klatrepark ligg idyllisk til i ein gamal og godt voksen furuskog, omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu.

Aktivitetane i Klatreparken passar for alle, både for store og små!

Ta gjerne kontakt med Lars Ove på 91566663.

Sikkerheit i høgsetet

Ein dag i BrimiSkogen utfordrar både store og små, utan at det går på bekostning av sikkerheita.

Vi har bygd opp 60 plattformstasjoner i eksisterande tre i området i høgder frå 1 til 10 meter. Mellom dei enkelte trea går du på bruer og anna, og du er alltid sikra med karabinkrokar i ein wire. Du kan alltid vera sikker på at mannskapet i Klatreparken er der så du kan koma ned att når du vil.

Opningstider

HAUST/ VINTER 2016
Har grupper stort sett hver lørdag, som det er mulig å henge seg på . VIKTIG : PÅMELDING
RING: 91566663

ÅPENT LANGFREDAG FRA 10 - 15




LØRDAGER (før og etter sommeråpningen)
BrimiSkogen har åpen mange lørdager fremover med oppstart ca kl 10:30. For mer info ta kontakt med Lars Ove på 91566663.

SKJEMAET TIL HØYRE GJELDER KUN UTENOM SOMMERÅPNINGEN

 

Billettprisar 2016

  • Vaksne: 275,-
  • Barn: 225,-
  • Grupper (min 10 stk): 250,-

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×