PAKKETILBOD FRÅ BRIMILAND

PAKKETILBOD FRÅ BRIMILAND

Om Brimiland

Brimiland

MAT | OVERNATTING | EVENTYR

Brimiland er eit land som ikkje er teikna inn på vanlege kart, ikkje i atlas eller på globusar. Men landet finst – i eventyrlege Vågå og Lom i Gudbrandsdalen.

Brimiland består av eit knippe unike overnatttingsstader og serveringsstader spekka med råvarar og opplevingar frå øvste fjellhylle – og eventyr nok for eit heilt liv. Gourmetrestaurantar, seterpensjonat, boutique hotell, fjellstue, massivtrehotell, tømmerkoier, steinbu og BrimiSkogen klatrepark – toppa med Arne Brimi sitt makelause matfat Vianvang.

Vil du vere med inn i fjelleventyret så heng på!

Draumen

Brimiland var for oss ein idé om noko heilt spesielt.

Ein draum vi hadde, ein draum vi har realisert for at du og andre skal kunne kjenna nærleiken og kjærleiken til naturen saman med oss. Og i pakt med den; – matopplevingar tufta på råvarene frå fjellheimene og dei levende bygdene vi er del av.

Når du kjem hit til Brimiland, vil du merkja at vi brukar den tida som trengst; – for dét krevst for ei minnefull oppleving.

Her brukar vi ofte bålet og ei steinhelle som grunnlag for eit velsmakande måltid av dei beste råvarene, ute i furuskogen og i fjellheimen. Her får du kjenne ei heilheitleg oppleving i naturen med den verkelege smaken av det naturen så rikeleg gjev oss.

Brimiland har sjølvsagt si eiga grunnlov, til beste for alle. Vil du kome på besøk eller bli «innbyggjar», ynskjer alle vi her i Brimiland deg hjarteleg velkomen!

Folka

folk
Lars Ove Sivle
Ola Tangvik Brimi
Marit Tangvik
Hans Brimi
Hans Eilev Bakke
Dan Robin Leirvåg
Kristina Nyborg
Per Ivar Berget
Arne Brimi
Even Brimi
Elin Evensen
Yngve Eek Ottesen
Harald Brimi
Eva Brimi
Vegard Brimi
x

Lars Ove Sivle

Lars Ove er landets fyrste Innanriksminister, er Brimiland sin vaktmeister og som kan alt som har med det å gjera; – dess vanskelegare oppgava er, dess betre tykkjer Lars Ove det er. Lars Ove styrer óg Brimiskogen med Klatreparken, har full kontroll på alt frå guider til bestillingar; – og kan hjelpa folk i Klatreparken ned frå trea om det trengst.

Lars Ove treffer du på mobil 915 66 663.

»
«
x

Ola Tangvik Brimi

Ola er gift med Hans Brimi. Ola er murar av yrke, og han har vore byggmeister for dei nye prosjekta på Brimi Sæter. Han har lært seg kunsta å yste ost, og på Brimi Sæter lagar dei mykje framifrå ost som er til sals. På setra kan du fylgja med på heile prosessen gjennom store vindaugo, frå mjølkinga av kyrne til ystinga, og sjå ost til mogning på ostelageret.

»
«
x

Marit Tangvik

Marit er dotter til Ola. I sommarferiane er ho ofte å finne som kafé- og butikkvertinne på Brimi Sæter.

»
«
x

Hans Brimi

Hans er odelsguten på garden Brimi i Garmo i Lom, med seter her ved Tesse i Brimiland. Han er kokk og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim Turisthotell i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef. Bestefar til Hans, Hans W. Brimi, var ein vidgjeten felespelar. Denne Hans spelar óg fele, og folkemusikken har alltid vore ein viktig del av seterlivet her.

I 2014 etablerde Hans og Ola ein ny butikk saman med Ola Geilo og Olav Grjotheim; – Smak i Lom som ligg ved Prestfossen i Bøvra i Lom.

»
«
x

Hans Eilev Bakke

Hans Eilev har vore med frå starten av på Vianvang. Hans Eilev gjer alt; – frå snøbrøyting av vegen, til snikring og servering av mat og vin.

»
«
x

Dan Robin Leirvåg

Dan Robin er kokk og sunnfjording som kom hit til fjells. Han har snart vore 6 år på Vianvang. Læretida si hadde han på Fossheim Turisthotell i Lom hjå Kristoffer Hovland og Ståle Johansen

»
«
x

Kristina Nyborg

Kristina er kokk og kjem frå Lierne. Læretida si hadde ho på Britannia i Trondheim, og kom til oss i mai 2013. Kristina er sjefen for dessertbordet.

»
«
x

Per Ivar Berget

Per Ivar har arbeidd på Vianvang sidan 2005, der han nå er kjøkensjef. Læretida si hadde han på Fossheim Turisthotell i Lom frå 1998 – 2000, hjå Arne Brimi.

»
«
x

Arne Brimi

Kokken vår og fiosofen i Brimiland. Kjent og kjær for veldig mange i Noreg. Eier og driver Vianvang aktivt. Arne treffes på telefon 90502469.

»
«
x

Even Brimi

Even er son til Arne. Han er utdanna som sommelier på Kulinarisk Akademi. Utanom å vera vinkelner og servitør på Vianvang, er han til tider også det same på Vaaghals i Bjørvika i Oslo.

»
«
x

Elin Evensen

Elin har vore på Vianvang i 7 år, og ho er den som ser til at huset er i orden. Elin har kokkefagbrev, og serverar også på Vianvang.

»
«
x

Yngve Eek Ottesen

Yngve har idrettsutdanning med hovudfag. Han er gift med dotter til Eva og Vegard Brimi, og valgte framfor idretten å bli den fyrste til å smykka seg med tittelen ”Bål- og Bookingsjef”, ikkje berre her i Brimiland der han har vore det i 10 år, men truleg fyrst i heile Verda. Yngve driver også Brimi Eventyr. Bålsjefen treffes på 41931111.

»
«
x

Harald Brimi

Harald er son til Eva og Vegard på Brimi Fjellstugu. Harald er eigentleg helikopterpilot, men er nå nede på bakken og har flytta heim for å ta del i arbeidet på Brimi Fjellstugu. Guten er ein pådrivar og entreprenør, så det er stadig nye prosjekt på gang.

Harald treffer du på mobil 982 11 980.

»
«
x

Eva Brimi

Eva er gift med Vegard og er Fjellstugu si kjende vertinne. Ho står på tidleg og seint, og er ei særs framifrå kokke til å kunne laga og servera heimelaga mat. Og ho kan by på det beste av lokale råvarer. Det er ikkje mange i Norge som kan laga betre sausar enn Eva!

»
«
x

Vegard Brimi

Vegard er oppvaksen på Brimi Fjellstugu som han og Eva og familien driv. Han er jaktkar og ein fjellets mann, og så kunnskapsrik som han er, og med sitt gode lune og mykje løgje på tunga, er Vegard den fødte vert og fylgjesmann på turar i fjellet; – og bautaen i Brimiland.

»
«

Tips om opplevingar i Brimiland i 2020

  • BRIMISKOGEN KLATREPARK

    Har du ein draum om å klatre frå tre til tre? Vi har bygd opp 60 plattformer mellom trea i ei høgd frå ein til ti meter i Brimiskogen, ein godt vaksen furuskog omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu. Sikkerheit er sjølvsagt i høgsetet, og du er sikra i solide wirar, og det er alltid hjelp å få til å koma trygt ned på bakken til kvar tid. Her er det leik og moro, utfordringar og høge opplevingar for alle frå 5 år og oppover.

  • BRIMI SÆTER

    Setra ved fjellvatnet Tesse er langt meir enn ei seter. Her er det sjølvsagt dyr av fleire slag, men også seterkafé og middagservering, ysteri, sal av eigne seterprodukt, og jamvel overnatting. Etter fire-retters setermeny om kvelden, leggje seg på oppreidd brisk på låven, sova godt i fjellufta for så å vakne til frukost med mykje godt og heimlaga, det er eksotisk på meir enn setervis, og sjelebot for sjela!

  • RESTAURANT ANDRE ETASJE

    Draumar, gode vennskap og målarglede har nær over natta forvandla ein gamal sveitservilla i vakre Vågåmo til vidgjetne restaurant Andre Etasje. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og toppa med framifrå og leikne menyar med lokale råvarer og inspirasjon frå heile verda. Gudbrandsdalen si flottaste takterasse innbyr til trivelege ettermiddagar i sola som ofte skin over Vågåmo.

Ferdig pakka fjelleventyr

For å kunne gje deg den komplette og beste opplevinga her i Brimiland, har vi laga pakker som kombinerer mat- og naturopplevingar. Gjerne med overnatting om du vil. Til dømes matkurs på Vianvang med Arne Brimi, fjelltur til steinbua vår med Vegard Brimi som kunnskapsspreiar, arrangement i Brimiskogen og luftig leik i Klatreparken. Kva med å leggje eit forretningsmøte eller konferanse, eit gebursdagslag eller andre felles samankomstar til fjells? Vel mellom ei av dei ferdige pakkane våre, eller ta kontakt så set vi saman ei skreddarsydd pakke saman med deg.

Pakker     Gåvekort

Ferdig pakka fjelleventyr

Fjellheimen kring Brimiland er ei skattekiste av natur- og matopplevingar som vi gjerne vil dele med deg. Her finn du nokre av våre komplette pakkar med mat, opphald og opplevingar. Ta gjerne kontakt for skreddersaum.
x

Bli innbyggjar

Bli «innbyggjar» i Brimiland ved å melde deg på vårt nyheitsbrev. Som «innbyggjar» får du dei beste tilboda først, tilgjenge på eksklusive nyhende og arrangement. Adressa di blir verande hos oss og vi vil ikkje spamme innboksen din.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×