BrimiSkogen klatrepark

Har du lyst til å klatre frå tre til tre? I BrimiSkogen Klatrepark har du moglegheit til nettopp det!

UTFORSK

Utfordringar for alle!

I BrimiSkogen Klatrepark, der oppe i og mellom trea, blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke på ein leikande måte. Der får du oppleva kor sterk du verkeleg er. Slikt er styrkande, for både sinn og skinn, som det seg heiter.

Klatreparken har fem løyper som alle heng oppe mellom trea. Løypene har ulike vanskegradar og er i ulike høgder over bakken. Vi har lagt det opp slik at vi har utfordringar for alle, og alltid skal det vera betryggande å vita, at ein undervegs kan få hjelp til å koma seg ned på bakken att, når ein vil. Som i fjellet; – her er det heller ingen skam å snu.

BrimiSkogen Klatrepark ligg idyllisk til i ein gamal og godt vaksen furuskog, omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu.

Aktivitetane i Klatreparken passar for alle, både for store og små!

 

Sikkerheit i høgsetet

Ein dag i BrimiSkogen utfordrar både store og små, utan at det går på bekostning av sikkerheita. Latter og lett kiling i magen må du likevel rekne med...

Vi har bygd opp 60 plattformstasjoner i eksisterande tre i området i høgder frå 1 til 10 meter. Mellom dei enkelte trea går du på bruer og anna, og du er alltid sikra med karabinkrokar i ein wire. Du kan alltid vera sikker på at mannskapet i Klatreparken er der så du kan koma ned att når du vil.

Opningstider

SOMMAREN 2018

BrimiSkogen klatrepark er open frå 22. juni til 12. august. Oppstart frå kl 11:00 – 15:00, aktiviteten må avsluttast innan kl 17:00.


LAURDAGAR (før- og etter sommaropning)
BrimiSkogen har ope mange laurdager framover med oppstart ca kl 10:30. Ynskjer du å besøkje oss i skuldersesongane må du bestille på førehand. Følg oss gjerne på facebook.


 

Billettprisar 2018

  • Vaksne: 275,-
  • Barn: 225,-
  • Grupper (min 10 stk): 250,-

Flott utsikt frå trekronene i BrimiSkogen

Du treng ikkje gå på dei høge fjelltoppane i Jotunheimen for å få god utsikt. Frå tretoppane i klatreparken vår får du eit vidstrakt utsyn over Tessevatnet og fjella rundt.

Årets nyheit i Brimiland

Lenge sidan du har overnatta i ei gamaldags skogskoie?
Det er ei heilt eiga stemning.
I BrimiSkogen har vi 3 tømmerkoier med 6 sengeplassar i kvar, for utleige. Her kan du oppleva det autentiske hyttelivet med spraking i Jøtulovnen, ta eit slag yatzy og kjenne på roa i skogen på kveldstid. Fristar dette i ein hektisk kvardag?

Vi trur det!

Du kan nyte stillheita på verandaen før du ruslar bort på Brimi Fjellstugu eller Brimi Sæter for ein betre middag. God og mett i magen ruslar du attende for å legge deg i soveposen eller i nystrokje lintøy. Idyllen blir fullkomen når du vaknar til fuglekvitter før du kan starte dagen med morgonkaffe kokt på vedomnen.

Pris pr. natt:  1000 kr (for koia uansett antal personar)

Leie sengetøy/handkle:  150 kr pp

Dusj og toalett berre eit steinkast unna.

"Morgonkaffe smakar alltid best i fjelluft"

sitat Lene Brimi

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×