Eventyret Brimiland

UTFORSK

Ved fjellvatnet Tesse i Jotunheimen, i vakre Vågåmo og fjellmetropolen Lom ventar eit knippe unike overnattingsstader og matfat fylt med råvarar og opplevingar frå øvste fjellhylle – og eventyr nok for eit heilt liv.

Brimiland finn du ikkje på vanlege kart, ikkje i atlas eller på globusar. Men nå som du likevel har oppdaga oss, kan du fritt velje mellom ei mengd opplevingar for kropp og sjel.

Brimiland består av eit knippe unike familiebedrifter som saman og kvar for seg byr deg gourmetmat og seterpensjonat, boutique hotell og fjellstue, massivtrehotell og lokalmatutsal, tømmerkoier og seterysteri, steinbu og klatrepark – toppa av Arne Brimi sitt makelause matfat Vianvang.

Nysgjerrig? Her er oversikt over alle overnattings- og serveringsstadene.

Skreddarsøm? La oss ta ein prat!

Har du ein draum vi kan hjelpe deg å gjere til ei oppleving? Ynskjer du forslag til gruppeopplegg, selskap eller bedriftseventyr? Då er bål- og bookingsjef Yngve Eek Ottesen mannen å snakke med.

Tlf: +47 4193 1111
E-post: yngve@brimiland.no

Psst! Lurar du på noko i samband med di overnatting eller måltid i Brimiland? Vi set stor pris på om du tek kontakt direkte med overnattings- eller serveringsstaden du er gjest hos. Du finn kontaktinfo til dei alle i botnmenyen. Stor takk og velkomen til eventyret!

 

 

ÅRET I BRIMILAND

Sesongar, aktiviteter og opningstider

Mange av serverings- og overnattingsstadene i Brimiland er svært populære – med gjester som kjem att gong etter gong. I delar av året er det difor nødvendig å booke opphald lang tid i forvegen. Til gjengjeld lover vi deg mat og kvile for minneboka når du tek turen. Velkomen!

SOMMAR

Fjellsommaren er ei intens høgtid for alt og alle i fjellet – Brimiland inkludert. I fellesferien har alle aktørane på Brimiland som regel fulle hus og travle dagar med å tilby alle som ser innom mat og kvile – og gjerne ein tur i klatreparken BrimiSkogen. Velkomen!

HAUST

Fargesprakande hausthelgar lokkar og dreg svært mange til fjellheimen vår. I helgene tek vi difor i mot gjestar som har forhåndsbooka komplette pakkar med mat, kvile og aktiviteter. I vekedagene tek vi i mot alle som ser innom – og mange bedrifter som har booka firmaopphald gjennom Brimi Eventyr.

VINTER

Vinteren her lengst nord og øvst i Gudbrandsdalen er eit eventyr. Kvitt, kaldt og med utruleg mange aktiviteter å velje mellom. Nokre av overnattings- og serveringsstadene i Brimiland held stengt delar av vinteren – så sjekk opningstider og book opphald før ankomst.

VÅR

«Jeg velger meg april», skreiv Bjørnsterne Bjørnson. Sjølve held vi ein knapp på mai, med yrande grøne bygder og vårskiturar i storslått fjellheim. Hugs å booke opphald før du tek turen – vi lovar å gi deg mat og kvile på høgde med vårfjellet!

 

Populære aktiviteter i nærområdet:

 

BEDRIFTSEVENTYR

Vi brenn for å gjere opphaldet ditt i Brimiland og Jotunheimen til ei eventyrleg oppleving.

Brimi Eventyr skreddersyr firmaturer i Jotunheimen – med det ypperste av mattradisjonar, storslått natur, og levande kultur. Ekte opplevingar med vekt på bærekraft i alle ledd, gjerne toppa med ein minnerik heilaften i lag med Arne Brimi i Vianvang.

Vi set opp forslag til opplevingar og aktivitetar med utgangspunkt i ynskjer frå dykk. Utgangspunktet for alle aktivitetar er fjellet og furuskogen i Jotunheimen, kombinert med matopplevingar å leve lenge på.

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×