Grunnlov

BRIMILAND

GRUNNLOV av 2014

BRIMILAND er eit land som ikkje er innteikna på vanlege kart, ikkje i atlas eller på globusar. Men landet finst; – mellom Vågå og Lom i Gudbrandsdalen. I eitt av Norges vakraste fjellområder, i sjølvaste Jotunheimen. I BRIMILAND er det fleire bedrifter der alle eigarane har slektsnamnet Brimi. Vi har like tankar, men er ulike. Vi er små, og skal ikkje bli store.
I BRIMILAND der er Brimi Fjellstugu, Brimi Sæter, Brimiskogen med Klatrepark, Arne Brimi sitt Gastronomiske Vianvang, og kringliggjande herlegheiter, og med Brimi Eventyr skal alt dette by på rike opplevingar, i dette eventyrriket.
BrimiBue er BRIMILANDET si ambassade i Lom.

§ 1 Dei som kjem til BRIMILAND, skal møta oss heime.

§ 2 ALLE skal ikkje til BRIMILAND, berre dei som vil oppleva det vi som er her, brenn for og trur på. MÅLET med eit besøk i BRIMILAND er å bli ein del av oss som held til her året rundt. Dei som kjem til BRIMILAND vil møte andre folk som óg byr på seg sjølve, er seg sjølve og trur på kulturen vi representerer.

§ 3 I BRIMILAND skal alle ha god tid. I BRIMILAND skal alle ha tid til å kunne forstå meir av den storheita naturen byr på, og auser av.

§ 4 Måltida i BRIMILAND skal vera like rause som det Jotunheimen er.
I BRIMILAND skal du få oppleva måltid med meining, med smakar som er opprinnelege, av råvarer med identitet .

§ 5 I BRIMILAND brukar vi smør. I BRIMILAND skal du få nok saus.

§ 6 I BRIMILAND er det fire årstider.

§ 7 BRIMILAND er for folk som er glade i natur og mat og drikke, og verdset seg sjølv og andre.
I BRIMILAND skal folk kunne vera ute i naturen.
I BRIMILAND skal folk kjenne naturleg velvære.
I BRIMILAND skal alle ha eit godt liv.

§ 8 BRIMILAND er for folk som som vil vera saman med andre på ein triveleg måte. I BRIMILAND krevst det ikkje slips eller dress, men pent kvardagstøy tilpassa årstida og vêrforhold.

§ 9 Frå BRIMILAND skal folk reise heim, mette og tilfredse. Og det er lov å reise frå BRIMILAND med bållukt av klærne.

§ 10 BRIMILAND sitt lovfesta formål er å gje kvar gjest som kjem til dette riket, eit opphald med naturopplevingar og matopplevingar dei vil trivast svært godt med i stunda, vil leva lenge på, og drøyma om å kunne oppleva på nytt.

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×