startknapp a

Velkommen

arne_brimiVianvang er min draum. Draumen om å ha sitt eige. Draumen om å kunne ta folk inn i noko spesiellt, eit grenseland mellom eventyr og verkelegheit. Draumen om å gjera noko heilt spesiellt med måltidet.

Draumen starta med dei fyrste spadetak i 1998. Vianvang skal aldri bli heilt ferdigt - draumen om noko nytt som krysse grensar skal alltid leva.

"Eg ynskjer at du skal oppleve Vianvang som ei kjelde å ause av, ikkje berre for å bli mett, men for å kunne reise heim med kunnskap om samanhangar som knyter kvar og ein inn i den naturlege veven som vi er ein del av."

"I vår tid har folk alt, men det er alt vi har blir det sagt. Vertskapet på Vianvang har nådd målet sitt når gjesten dreg sin veg mett og tilfreds og med eit bilde av sin naturlege plass i eit storslått skaparverk".

Du kan og få vera heilt einsleg med ei mindre gruppe her, eller vera med på matkurs og læra meir om det eg trur på.

Vianvang høver for grupper frå 2 til 80. Vanligvis samlar Vianvangkveldane 30-40 mat og narturglade gjestar.

Men Vianvang er ikkje ope kvar dag, så du lyt bestille i god tid. Dei som vil til Vianvang må enten bestille for din gruppe ein dato som høver, eller bli med på ein kveld som allerede er bestemt.  Velkomen!