Vianvang

Gastronomi i Jotunheimen

UTFORSK

Draumen

Vianvang, det gamle og nålevande ordet i fjellet for Fjelldronning, Bergfrue, Saxifraga Cotyledon på latin om ein vil. Fjelldronninga mi vart til Vianvang, og er det framleis; – det var min draum, og vart til, og er min draum framleis. For ingenting kan stoppast, ikkje eingong i ein draum.

Draumen starta med det fyrste spadetaket i 1998, då Vianvang såg si gryning. Men Vianvang skal aldri verta heilt ferdig – draumen om noko nytt som kryssar meir enn eit tusenårs-sekiel skal alltid leva her, det evige innan matkunst frå det naturleg naturlege, det skal halda fram.

Draumen om å gjera noko heilt spesielt med eit måltid, for ei oppleving for kvar og ein einskild gjest. For ein gong som for fleire gonger, for noko å leva lenge på. Støtt skal det vera godt å hugsa å ha opplevd å ha vore her. Støtt skal det vera godt å lengta att til min del av dette landet. Støtt skal det vera godt å koma att.

Ei total oppleving

«I vår tid har folk alt, men det er også alt vi har», vert det sagt.

Eg og vertskapet på Vianvang har nådd målet vårt når gjesten kan vandra vidare inn i si framtid, på smakar ein minnest, og er vel tilfreds, god og mett, og har fått med seg noko meir enn det. Fått med seg noko ein likevel mangla i alt det ein hadde. Når ein kom hit. Og jamvel på heimvegen ha fått med seg noko slikt som eit bidrag til eit meire realisert bilde av sin naturlege plass i eit storslagent naturleg skaparverk.

Det perfekte måltidet

«Eg hadde eit bilete for mitt indre auge. Det skulle verta til Vianvang.»

Gjennom tid har idèen om ein plass utvikla seg, fyrst for mitt indre auga, nå realisert som Vianvang. Tufta på ideologien i Naturens Kjøken, skal dette vera ein plass for formidling av mat, kultur og historie i nærkontakt med naturen rundt, men med perspektiv ut over grenser, fysisk og mentalt.

På Vianvang skal du kunne oppleva det gode måltidet, læra litt om deg sjøl og andre.

For meg symbolisera Vianvang dei ubrotne linene i norsk kultur frå dei som var, slik som i dag, er avhengige av det naturen gjev, heilt attende til steinalderbusetjing. Til tross for dette ser eg inga motsetning i også å bruke råvarer og kunnskap frå andre land, spesielt Europa.

Vianvang skal formidle og vidareføre kunnskap om vår kulturarv til oss som lever i dag. Målet mitt er at dei som gjestar Vianvang skal vera mette, tilfredse og litt meir audmjuke enn å dei kom.

 

Ein kveld på Vianvang

For å koma til Vianvang, lyt du slite lite grann. Men ikkje mykje, knapt 500 meter på triveleg grusveg fram til Vianvang. Akkurat nok til å verta svoltne og tyrste og glade for å verta mottekne ute med champagne servert av Arne Brimi og vertskapet der.

Kvelden på Vianvang varar frå halv sju om kvelden, til nærare midnatt. Kanskje lenger. Fyrst ute på tunet, med ei forfrisking medan Arne fortel om byggverka som står framfor deg. Kvifor alt dette vart til. Ideologien bak det heile.

Kvelden er uformell, så om du ynskjer det finn du eit par tøflar når du går inn til bords. Vianvang er eit spanande hus. Gjer deg kjent, og sjå på alle detaljane; – kunst, måleri og spennande bygge detaljar. Og smak på dei velsmakande smårettane som du finn fyrst, før matserveringa tek til for fullt.

For så er det klart for ein fyryrett, og så hugurettar, vanlegvis ein rett av fisk og ein av kjøt. Etter hugurettane vert det dessert. Ostar av mange slag, både norske og internasjonale. Hugs å halda av litt plass til dette, og ta tida du treng til alle dessertane, for her vankar det mye godt. Kaffe vert det også.

Og undervegs fortel Arne, med sine, om kva som vil verta servert, korleis det vil verta laga til, og tankane bak rettane. Her kan du jamvel stilla spørsmål til kokken.

Lær å lage mat som Arne Brimi

Ynskjer du å læra meir om matlaging?

På våre matkurs får du vera med og sjå korleis rettane vert laga, læra om råvarane, lage gode rettar, naturleg godt. Sjølvsagt får du eta dette óg. På eit matkurs vert du inspirert og lærer meir om «den gode og opprinnelege smaken». Utgangspunktet er gode råvarer. Her får du sjå korleis rettane vert laga til, og her kan du stille Arne og dei andre kokkane spørsmål undervegs.

Matkur i Brimiland startar på torsdag kveld. Heile fredagen er det matkurs med Arne på Vianvang. Laurdag møter du Arne ute i Brimiskogen. Her vert det meir matprat og mange gode lunsjrettar laga på ein av våre mange eldstader. Laurdag kveld er det festmiddag på Vianvang.

Ta med deg ein god venn, eller gjev eit matkurs i gåve. PS! Våre matkurs er svært populære, så du må vera tidlig ute med å bestille plass til den tid du ynskjer.

Slik kan du oppleve draumen

Vianvang høver for grupper frå 2 til 80. Vanlegvis samlar Vianvangkveldane 30 - 40 mat- og narturglade gjestar.

Vianvang er ikkje ope kvar dag. Og det er ope berre for dei som har bestilt. Dei som vil til Vianvang må enten bestille for seg, eller for si gruppe, på ein dato som høver, eller verta med på ein kveld som allereie er bestemt.

Du kan få vera her heilt einsleg for deg sjølv saman med andre gjestar, eller med i ei større eller mindre gruppe, eller vera med på matkurs og læra meir om det eg trur på.

Velkomen vil du verta!

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×