Om Brimiland (arkiv)

Brimiland er eit land som ikkje er teikna inn på vanlege kart, ikkje i atlas eller på globusar. Men landet finst – i Vågå og Lom i Gudbrandsdalen. Her finn du eit herleg knippe unike overnattingsstader og matfat spekka med råvarar og opplevingar frå øvste fjellhylle – og eventyr nok for eit heilt liv.

Nysgjerrig? Her er oversikt over alle overnattings- og serveringsstadene!

BRIMI FJELLSTUGU

På fjellstugu har familien Brimi i fleire generasjonar tatt i mot gjester og servert dei det fremste fjellheimen har å by på av mat og kvile. Dobbeltrom med hotellstandard og vidgjeten restaurant.

Sesongar:

  • Sommar: På Brimi Fjellstugu byr vi alle som ser innom både mat og kvile gjennom hele sommaren.
  • Haust: I helgene tek vi i mot gjestar som har forhåndsbooka komplette pakkar med mat, kvile og aktiviteter, gjerne i samarbeid med Arne Brimi på Vianvang. I vekedagene tek vi i mot bedriftar som har booka firmaopphald gjennom Brimi Eventyr.

Overnatting: Dobbeltrom kostar 850 kr pp med frokost. Enkeltrom med frokost 1150 kr.

Servering: Kvar kveld serverer vi 3-, 4- og 5- rettars menyar i restauranten vår. I samarbeid med våre gode nabo Arne Brimi byr vi på helgeopphald på Fjellstugu toppa med heilaften hos Arne på vidgjetne Vianvang.

Bordbestilling: 61 23 98 12 eller post@brimi-fjellstugu.no

BRIMISKOGEN KLATREPARK

Har du lyst til å klatre frå tre til tre? Overnatte i tømmerkoie? I BrimiSkogen Klatrepark har du moglegheit til nettopp det!

Sesong: BrimiSkogen klatrepark er open dagleg frå veka etter skuleslutt til skulestart.

Opningstider: Kl 11:00 – 15:00. Aktiviteten må avsluttast innan kl 17:00.

Overnatting: Tre stemningsfulle tømmerkoier med seks senger i kvar. Dusj og toalett på tunet.

Kontakt: Lars Ove i BrimiSkogen på mobil 91566663.

BRIMI SÆTER  

På sætra kan du overnatte i seterhus, lavo eller i briskar på låven og vakne av kyrne som vil mjølkast. Du kan sjå handlaga ostar ta form i ysteriet og få nærkontakt med dyra. Seterbutikk og kafé med eigne produkt, seterkost og middagsrettar.

Sesongar:

  • Sommar: Kvar dag kl 11.00 – 18.00. På kveldstid kl 19.00 serverer vi vår spesialmeny, 4- retters skråpåtåmeny ved langbordet på låven. Bordbestilling.
  • Vår og haust: Helgeopphald for grupper, lag, firma – og gjerne enkeltpersonar. Skreddersydde opplegg etter avtale.

Opningstider: 

Overnatting: 

Bordbestilling: 

VIANVANG

På Vianvang skal du oppleva det gode måltidet, læra litt om deg sjøl og andre. Tufta på Arne Brimi sin ideologi Naturens Kjøken, er Vianvang ein plass for formidling av mat, kultur og historie i nærkontakt med naturen rundt.

Opningstider: Arne Brimi sin vidgjetne restaurant Vianvang er så populær at alle besøk må bestillast i god tid. Vianvang er heilt stengt i juli.

Bordbestilling: Tlf 41 93 11 11 eller  yngve@brimiland.no

ANDRE ETASJE

SOV LODGE

BRIMIBUE

BRIMI EVENTYR

 

Andre populære aktiviteter i området:

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×