Brimiland

Brimiland er eit land som ikkje er teikna inn på vanlege kart, ikkje i atlas eller på globusar. Men landet finst; – mellom Vågå og Lom i Gudbrandsdalen.
I eitt av Noregs vakraste fjellområder. I sjølvaste Jotunheimen.
Frå Vianvang, og frå Steinbua vår i Brimiland, frå der ser ein i synsranda Rondane.

Velkomen til oss i Brimiland!







Det svæver et land i det skinnende blaa;
ei stoltere vet jeg at nævne.
Men vil du ditop, over dalene naa,
to stridende ting maa du evne.
Ti først maa du seile med ørnen av sted,
høit, høit over jorden og kavet,
og saa – maa du vite at senke dig ned
og krype med mosene lave.

Theodor Kaspari (Præludium i Høifjeld og Fjeldfolk)

UTFORSK

PAKKETILBOD FRÅ BRIMILAND

PAKKETILBOD FRÅ BRIMILAND

Brimiland, Lom og Vågå

1. april 2015, 22:29

-3° Svak vind, 2.3 m/s fra Vest-sørvest

Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK

Brimiland var for oss ein idé om noko heilt spesielt; – ein draum vi hadde, ein draum vi har realisert så vi kan dela dei grunnleggjande tankane våre for opplevingane våre med andre enn oss sjølve. For at du og andre skal kunne kjenna nærleiken og kjærleiken til naturen saman med oss. Og i pakt med den; – matopplevingar slik vi med naturen i ryggen kan servera frå vår hand, det beste i vårt land.

Når du kjem hit til Brimiland, vil du merkja at vi brukar den tida som trengst; – for dét krevst for ei minnefull oppleving. 
Her brukar vi ofte bålet og ei steinhelle som grunnlag for eit velsmakande måltid av dei beste råvarene, ute i skogen og i fjellheimen, der du får kjenna ei heilheitleg oppleving i naturen med den verkelege smaken av det naturen så rikeleg gjev oss.

Brimiland har sjølvsagt si eiga Grunnlov, til beste for alle.



Alle vi her i Brimiland ynskjer deg velkomen!

folk Lars Ove Sivle Ola Tangvik Brimi Marit Tangvik Hans Brimi Hans Eilev Bakke Dan Robin Leirvåg Kristina Nyborg Per Ivar Berget Arne Brimi Even Brimi Elin Evensen Yngve Eek Ottesen Harald Brimi Eva Brimi Vegard Brimi Kristin Brimi

Påska i Brimiland 2015

Vi har fortsatt ledige plasser på Brimi Fjellstugu

Unn deg nokre gode dagar i påskefjellet. Nybygd spisesal og inngangspart i moderne, men tradisjonell stil. Hjemmekoselig atmosfere. Vi kjører opp skiløyper, og vi har stolte fjell rundt oss. Pensjonspris er kr 950 pr pers i dobbeltrom, drikke kommer i tillegg. I denne prisen er en 4-retters meny inkl. påskemeny. Vi har gode barnerabatter. Du kan bestille plass på post@brimi-fjellstugu.no eller telefon 61239812.

På kveldene i påska serverer vi 4-retters Fjellstugu-menyer. Bordbestilling på post@brimi-fjellstugu.no  eller telefon 612 39 812.

BrimiSkogen klatrepark er åpen LANGFREDAG KL 10 – 15.
Arne Brimi står ved bålet og serverer suppe, medister på pinne, bålkaffe og varm saft fra kl 12.

Opplev Brimiland i 2015

  • Brimi Fjellstugu var opphaveleg eit gamalt tømra ystehus for seterdrift her ved Tesse, og er tilbygd og utvida til ei moderne fjellstugu. Brimi Fjellstugu byr på overnatting og matservering, og Brimi Fjellstugu er kjend for svært god mat, og at det er lagt stor vekt på personleg service og heimleg atmosfære. På dagtid vert det servert enkle lunsjretter. Om kvelden er det meny der du kan velje i frå tre til fem retter. På menyen vår er det sjølvsagt aure, rein og rype her frå fjellheimen, og mykje anna godt og heimlaga!

  • Har du ein draum om å klatre frå tre til tre? Vi har bygd opp 60 plattformer mellom trea i ei høgd frå ein til ti meter i Brimiskogen, ein godt vaksen furuskog omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu. Sikkerheit er sjølvsagt i høgsetet, og du er sikra i solide wirar, og det er alltid hjelp å få til å koma trygt ned på bakken til kvar tid. Her er det leik og moro, utfordringar og høge opplevingar for alle frå 5 år og oppover.

  • Brimi Sæter her ved Tesse er setra til garden Brimi i Garmo i Lom. Men dette er meir enn ei seter. Her er det sjølvsagt dyr av fleire slag, men også seterkafé og middagservering, ysteri, sal av eigne seterprodukt, og jamvel overnatting. I setertida byr vi på overnatting i briskar på låven her. Etter fire-retters setermeny om kvelden, leggje seg på oppreidd brisk på låven, sova godt i fjellufta for så å vakne til frukost med mykje godt og heimlaga her på setra, det er eksotisk på meir enn setervis, og sjelebot for sjela!

Komplett oppleving

For å kunne gje deg den komplette og beste opplevinga her i Brimiland, har vi laga pakker som kombinerer mat- og naturopplevingar, og med overnatting om ein vil. Noko av slikt som inngår i pakkene er til dømes matkurs på Vianvang med Arne Brimi, tur til Steinbua vår med Vegard Brimi som leiar og kunnskapsspreiar, arrangement i Brimiskogen og i Klatreparken og mykje anna. Kva med å leggje eit forretningsmøte eller konferanse, eit gebursdagslag eller noko anna felles til fjells? Vel mellom ei av dei ferdige pakkane våre, eller ta kontakt så set vi saman ei skreddarsydd pakke saman med deg. Vil du glede andre, kan du gje bort eit gåvekort til ei slik pakke for ei spesiell oppleving i Brimiland.

Pakker     Gåvekort

Kva skjer

  • brimieventyr_05

    24-timar i Brimiland

    • 21.02.2015 – 22.02.2015
    • 27.02.2015 – 28.02.2015
    • 20.03.2015 – 21.03.2015
    • 21.03.2015 – 22.03.2015
    • 27.03.2015 – 28.03.2015
    • 28.03.2015 – 29.03.2015
    • 23.05.2015 – 24.05.2015
    • 12.06.2015 – 13.06.2015
    • 26.06.2015 – 27.06.2015
    • 27.06.2015 – 28.06.2015
    • 10.10.2015 – 11.10.2015
    • 06.11.2015 – 07.11.2015
    • 07.11.2015 – 08.11.2015
    Meir informasjon
  • brimiskogenklatrepark_04

    Helg i Brimiland med aktivitetar og utelunsj i Brimiskogen klatrepark

    • 27.02.2015 – 01.03.2015
    • 20.03.2015 – 22.03.2015
    • 27.03.2105 – 29.03.2015
    • 17.04.2015 – 19.04.2015
    • 24.04.2015 – 26.04.2015
    • 22.05.2015 – 24.05.2015
    • 29.05.2015 – 31.05.2015
    • 05.06.2015 – 07.06.2015
    • 12.06.2015 – 14.06.2015
    • 19.06.2015 – 21.06.2015
    • 25.09.2015 – 27.09.2015
    • 09.10.2015 – 11.10.2015
    • 06.11.2015 – 08.11.2015
    Meir informasjon
  • vianvang_06

    Matkurs i Brimiland med Arne Brimi

    • 05.03.2015 – 08.03.2015
    • 12.03.2015 – 15.03.2015
    • 12.04.2015 – 15.04.2015
    • 30.04.2015 – 03.05.2015
    • 15.10.2015 – 18.10.2015
    • 18.10.2015 – 21.10.2015
    • 22.10.2015 – 25.10.2015
    • 05.11.2015 – 08.11.2015
    • 19.11.2015 – 22.11.2015
    Meir informasjon

Siste nytt

Komplett oppleving

x

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×